Meny
 
Sterkare Der Du Er
Trening på Sunnmøre
Om oss

Sterkare, der du er!
Har du eit ynskje om å kome i betre form? Skulle du ynskje det var fleire tilbod nært deg som gjer at du slepp å reise for å finne? Saknar du å møte naboar, nokon å vere i aktivitet saman med, samle god energi og verte sterkare?

Eg tilbyr trening ut på bygdene på Sunnmøre. Det kan vere individuelt eller i gruppe. Styrke- eller kondisjonstrening, eller kanskje begge deler? Innendørs eller utendørs. Eg lagar program ut i frå folk sine ynskjer og behov. Som utdanna personleg trenar med erfaring også frå ulike typer gruppetrening, reiser eg rundt på bygdene på Sunnmøre og gi folk gode treningsopplevingar. I dagens samfunn er det få tilbod som går ut på bygdene til dei som bur der. Dette ynskjer eg å setje på dagsorden. Vi bør ha meir aktivitet og fleire tilbod til folk uansett kvar dei bur. Dette er viktig for å behalde liv i bygdene våre, og skape eit godt fellesskap blant dei som bur der!

I forbindelse med Covid-19 er det stadige restriksjonar og anbefalingar på både reising og antal menneske på same plass. Mange kjenner på einsamheit og at energien forsvinn. Eg vil gjerne bidra med å vere den som reiser. Eg tek ansvar for smittevern og å følge restriksjonar til ei kvar tid på mine treningar. Eg ynskjer å skape ein arena der folk kan møtes til trening, og finne glede og energi ilag til å verte sterkare og få betre helse!

Høyrest dette interessant ut? Ta gjerne kontakt for meir informasjon og booking. Håpar å høyre frå deg!
Åpningstider

Ta kontakt ved behov!
Kontakt

telefon/epost
Adresse
Gamlevegen 47
6102 VOLDA
Telefon
975 03 584
Epost
Kontaktskjema


Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, Googles Personvernregler og Vilkår gjelder.
Kontaktperson



Anja Nautvik
Personlig Trener
mob: 975 03 584